Rystene barnehage

Rystene barnehage

Rystene barnehage er ein liten barnehage med to avdelingar, Konglen (0–3 år) og Kantarellen (3–5 år) , plassert i Rystefeltet i Ørsta. Barnehagen ligg nær både sjø og skog, og har eit fantastisk uteområde bak barnehagen. Barnehagen vart skipa i 1991. Då dei skulle bygge barnehagen, fant dei mykje kongler og kantareller på tomta. Det gav namnet til avdelingane våre; Konglen og Kantarellen.

I Rystene barnehage står det sosiale samspelet i fokus i kvardagen. Visjonen vår er "Bli sett!". For i Rystene barnehage skal alle barna bli sett kvar dag for den dei er.
 

Barnehagen på facebook

 

Rystene barnehage